SUNNFJORD COUNTRYROCK 2011
Årets Sunnfjord Countryrock vert arrangert på Rica Sunnfjord Hotel fredag 28 og laurdag 29.oktober med konsertar i 2.etasjar, Sunnfjordsalen og Barthold Bar.
Programmet er klart for Sunnfjord Countryrock i Førde, siste helga i oktober.
Fredag 28.oktober spelar Vassendgutane, Olav Stedje og Von.
Laurdag 29.oktober Staut, Steinar Engelbrektson Band og Kruttrøyk.
VASSENDGUTANE
Dei siste12 åra har Vassendgutane gått frå å vere eit lokalt festband, til no å vere Noregs kanskje mest etterspurde liveband..
Plate nr. 5 i rekka: “RISKREM & ENREKÅTT” blei lansert i april 2011 og har fått god mottaking
Bandet har i sommar vitja dei største festivalane og store haller og klubber i vårt vidstrakte land. Høg allsongfaktor gjer at publikum nesten følar seg som ein del av bandet, og tekstane kan dei fleste utenat.
Vassendgutane reiser med ein framragande lyd og lys produksjon, som bidreg til ein unik konsertoppleving. I tillegg til dei nye låtane, kan du forvente å høyre låtar som ”Ungkar med dobbelseng”, ”Silikon i tatti”, ”Hytta mi”, ”Granada” og ”Siste dansen”. Allsong og topp feststemning er varemerket til Vassendgutane.sin festcountry. Fredag 28 oktober spelar dei i Sunnfjordsalen
Vassendgutane er:
Sindre Aam, vokal og bass Arthur Johan Bjørdal, vokal og gitar
Ernst Brune, trekkspel Rune Brautaset, vokal og gitar
Lars Egil Vågseter, steelgitar Leif Aase, vokal og elgitar
Bjørn Marius Øyehaug, vokal og trommer
OLAV STEJDE.
Etter 6 sølvplate og ein velfortent spelemannspris for “Tredje Stedje” er han etterkvart vorte “folkeeige”. Olav kom for alvor i rampelyset då han på slutten av syttitalet byrja samarbeidet med “Lava”. Sidan kom låtane på rekke og rad: “Ta meg med”, ”Vi vandrar saman”, ”Ein nordmann sin draum”, ”Den fyrste song” o.s.v. Olav sine tre bidrag til Grand Prix (i 1983, 1985 – med Mia Gundersen – og 1987) representerer eit gledeleg gjenhør. Til forskjell frå Grand Prix-låtar flest, har desse songane eit kvalitetspreg, som i dag er heilt openbart. Fredag 28.oktober spelar han i Barthold Bar.
VON.
VON kjøm frå Heidal i Gudbrandsdalen. VON er i desse dagar klare med albumet “Mange Veigje” som er oppfølgjaren til debutalbumet VON frå 2010. Innspelinga har funne stad i Pettersens Kolonial Lydstudio på Hønefoss, også denne gang med produsent/teknikker Alf Magne Hillestad.
VON har lagt et fantastisk år bak seg siden debutalbumet i 2010. Albumet fikk mange flotte anmeldelser. Bandet har også hatt en rekke spelejobbar rundt om i kongeriket som bl.a. Rocktober Finnsnes, Country Music Festival Vinstra, Rakfiskfestivalen Fagernes og for et fullsatt Rockefeller, Oslo. Von spelar svingande Countryrock med tekstar på dialekt.
VON er:
Geir Sletten: Vokal,gitar Ole Jonny Bekkemellem: Gitar, banjo
Odd Halvard Seterdal: Lead gitar, mandolin Erik Holen: Bass
Vebjørn Hoff: Piano, Hammond Erling Lid: Trommer


