Henning Kvitnes klar for Førde
Henning Kvitnes & «Gutta i bandet» klar for Førde laurdag 3.mars kl. 21.00.
Henning Kvitnes, kom i januar ut med eit nytt fantastisk album -”Ingen tid å miste” – , som har fått strålande kritikkar frå ei samla presse og lege høgt på salslistene i vinter.
Kvitnes har tradisjon, for å lage låtar som både fengar og treff tekst messig rett i hjarte til folk. Utallege hits har rotert på radiokanalane i fleire år no. På denne nye plata dreiar lydbilde seg nokre knepp mot det meir elektriske, leikne og klangfulle – ”Country-Soul” med djuptpløyande tekstar på norsk. Henning har også vorte hylla av sine eigne – dvs. opphavsmenn og kvinner, då han i haust mottok Nordisk Populærunions Ærespris – ikkje minst for ei lang og fortsatt mykje produktiv låt skrivar karriere.
Han er ein populær artist i Noreg, og har trekt stort sett fulle hus overalt dei siste åra. Som Henning seier til avslutning kvar kveld; ”Uten publikum stopper musikken” – og den nære kontakten med dei har den jordnære Henning Kvitnes alltid hatt, og saman med « Gutta i Bandet» vil det nok bli storstemning i Sunnfjordsalen med kjende låtar som «Ut å vekke sola», «Sånne som oss», «Guttær», og «Ingen tid å miste» med fleire.
Med seg på turné: «Gutta i Bandet».
Henning Kvitnes (Song og div. Gitarar)
Freddy Holm (Gitar, kor, mandolin, dobro, lapsteel m.m)
Omar Østli (Gitar og kor)
Eivind Kløverød (trommer og perkusjon)
Finn Tore Tokle (Bass og kor)
Hennig Kvitnes er ein av Noreg mest populære artistar, og laurdag 3. mars kl. 21.00 spelar han saman med dei dyktige musikarane sine i Sunnfjordsalen på Rica Sunnfjord Hotel i Førde – vi gler oss, her blir vårens konsertoppleving, med ein av Norges største artistar dei siste 3o åra.
Etter konserten fri tilgang til dans i Barthold Bar


