Bidraget er publisert med ropert og har blitt hentet fram på Fjordaglimt (lørdag 4. februar). Les mer om roperten…

ViMenn spelar til dans etter Smokie 18 februar i Førde

Lørdag 18. februar kl. 21.00 til søndag 19. februar 02.00, Rica Sunnfjord Hotel og Spa

”VIMENN” spelar i Førde laurdag 18 februar, etter Smokie i Sunnfjordalen.

”ViMenn er ein utvida versjon av Vi2 vart starta litt for moro i 2000. Når Agnar Gjelsvik Einar Jakobsen, som utgjer duoen Vi2 har behov for å rocke litt med ordentlige trommeslagar og bassist, og det får dei sjansen til det i dette prosjektet. Ole Martin Frimannslund frå Davik/Florø er fast trommis og har vore med frå starten, og frå Førde har dei henta Roger Pettersen til og spele bass denne kvelden. Ole Martin er fast hustrommis i Kanalen lydstudio med masse referansar, og Roger har tidlegare spelt i bl.a. Kruttrøyk og Hitcompany m.m. Steinar Vie på gitar og sang, er også med denne kvelden

Musikalsk blir det ei blanding av repetoaret til Vi2 pluss ein del artige låtar som “må” vere med. DumDum Boys, Åge Aleksandersen, Clapton, Sting, Pink Floyd, Stevie Ray Vaughan, Bjørn Eidsvåg, Evert taube, ja, ei herleg blanding. Felles for alt er at det går veldig fint an å danse til dette, og at det blir levert med godt humør.

At gjengen har langt over 100 års erfaring utan synlege varige men, er og eit godt teikn. Laurdag 18.februar spelar VIMENN under ”Sunnfjord Vinterfest 2012”, til dans ca.kl. 00.30 etter konserten med Smokie i Sunnfjordsalen. NB. Smokie går på scena kl. 22.30. Dørene opnar kl. 21.00 i Sunnfjordsalen.

Møt opp på Rica Sunnfjord Hotel laurdag 19.februar, slå deg på hælen og syng med!

Vist 4 ganger. Følges av 1 person.

Var du med?

En anbefalte Person_gray

Hvor skjer det?