Gilbeys i Barthold Bar laurdag 18.februar
GILBEYS spelar i Førde laurdag 18. februar.
Danseorkesteret Gilbeys har halde det gåande sidan starten i 1982, og er no i sitt 29. år på vegen med god dansemusikk. Orkesteret har farta rundt i frå oljeplattformene i Nordsjøen, til dei inste dalstroka. Frå nord til sør.
Karane i Gilbeys har spela på alt frå dansegallaer, dansefestar og hotell, til store dagar og bryllaup. Med stor faktor av speleglede, leverer orkesteret variert og god dansemusikk som norsk/svensk danseband, rock, country, boogie, pop og noko gammaldans. Frå Elvis, Vikingarna, Åge Aleksandersen, Vassendgutane, Moods, Creedence, Hellbillies, Delbert Mc Clinton, til kjende norske og svenske danseband.
Kort sagt: God dansemusikk.
Orkesteret legg vekt på å spele god dansemusikk for alle, og femnar om eit stort repertoar. Gilbeys spelar sjølvsagt ”live”.
Så ta på deg danseskorne, og kom og bli med på dansefest med Gilbeys!
Orkesteret er sett saman av røynde musikarar, med bakgrunn frå mange ulike stilartar.
Besetning denne kvelden består av:
Reidar Veberg – Piano, keyboard, trekkspill og sang
Tore Steen – Trommer, og sang.
Kjell Holko – Bass, og sang.
Gunnar Bortheim – Div. gitarer.
Gilbeys spelar til dans i Barthold Bar frå ca. kl. 21.30 laurdag 18.februar, mens Smokie spelar til konsert frå kl.22.30, for eit ståande publikum i Sunnfjordsalen, og ViMenn spelar til dans ca.kl.00.30 etter Smokie konserten i Sunnfjordsalen på Rica Sunnfjord Hotel i Førde. Billettsalet til “Sunnfjord Vinterfest 2012” går godt, så møte opp tideleg, her blir det fest…!!!


